chemikerwerden
Zurück zu den Treffern

Faste stillingar og ferievikariat i Laboratorieklinikken

ArbeitsortBergen
Gehalt45.000–65.000 € brutto/Jahr
HomeofficeKeine Angabe

Laboratorieklinikken treng fleire dyktige og engasjerte bioingeniørar!
Ønskjer du ein fast heiltidsjobb i eit av Noregs største laboratoriemiljø? Eller er du bioingeniørstudent på jakt etter sommarjobb eller deltidsstilling ved sidan av studia? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorietenester i Noreg. Laboratorieklinikken tilbyr eit breitt spekter av analysar innan ulike fagområde. I tillegg til analytisk verksemd gir laboratoria rettleiing om bruk av analysar og tolking av analysesvar. Bioingeniørar utgjer den største faggruppa i laboratoria, og dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og legger til rette for eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og høy kvalitet i arbeidet.

Dette er ei felles utlysing for:

Ved MBF, MIA, AIT og delar av PAT inngår turnusarbeid.

Vi håpar du kan tenke deg å arbeide hos oss i Laboratorieklinikken. Dersom du har ønske om å arbeide ved eit bestemt laboratorium, ber vi om at dette blir oppgitt i søknaden.

Kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar

  • Ha god fagleg vurderingsevne og arbeide strukturert og målretta
  • Like varierte utfordringar
  • Serviceinnstilt overfor pasientar og pårørande, og du verdset samarbeid med kollegaer
  • Høgt fagleg nivå
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Ein klinikk i utvikling med kollegaer som er opptatt av å lære)
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Klikk for å leggje til kart

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Arbeitgeber

Mehr Stellen finden

Ähnliche Stellen bei anderen Arbeitgebern

Arbeitgeber mit ähnlichen Stellen

Verwandte Fachgebiete